Velferdskutta er ikkje koronakutt

Åsmund M. Kvifte, leiar i Raudt Ås

Åsmund M. Kvifte, leiar i Raudt Ås Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.No er det kutt-tid i Ås. I årevis har kommunen strama inn livreima, hakk for hakk. Politikarane har redusert eller utsett investeringar og nybygg. Kommunen har kutta i velferden heller enn å utvikla han, og arbeidskvardagen til dei kommunetilsette er vorten meir hektisk.

So kom koronaen. Han viste at det er naudsynt å ha ekstra kapasitet i helsevesenet, skular med god plass og mange nok vaksne i barnehagane. Likevel, når kommunen skal sjå på budsjettet for resten av 2020, er det kutt på kutt i kommunal velferd. Dei aller fleste sektorar får eit 2 % kutt. Då vil det måtte verta færre vaksne i barnehagane, trongare på skulane og omsorgsarbeidarane vil måtta springa fortare. Det er kutt i arbeidsformidlinga og sosialhjelpa sjølv om arbeidsløysa er verre enn på 80 år.

Det er snakk om ei svekking av velferdsstaten som har pågått i heile mi levetid. Korona-krisa gjer økonomien meir usikker, og høgre-regjeringa stramar inn. Frå deira ideologiske standpunkt, er det den riktige tingen å gjera, sjølv om det fører til dårlegare liv i både by og bygd. Men det er ikkje berre ei korona-tilpassing, det ser me på dei konkrete kutta.

Ås kommune vedtok å seia opp ein avtale med korpsa i bygda, utan fyrst å ha snakka med korpsa. Avtalen går ut på at korpsa sikrar ein betre kulturskule mot at kommunen betalar delar av dirigent-løna. Dette sparar ikkje ei krone i korona-året 2020. Det er ikkje ei krone spart i 2021. Det er ikkje ei krone spart i 2022. Fyrst i 2023 sparar kommunen maksimalt ein halv sjukeheimsplass i året. Om nokon påstår at dette er eit korona-kutt, er det tullprat. Om nokon påstår at Noreg ikkje har råd til gode kulturskular, er det smålig.

Kutt-tida i Ås er ikkje korona-kutt. Dette er krisekapitalisme, der krisa i økonomien blir brukt for å få folk til å godta eit varig dårlegare velferdstilbod. Den norske staten har pengar nok til å dekkja alle korona-utgiftene, men det vil ikkje Regjeringa. KS har rekna ut at kommunane treng meir enn 18 milliardar, medan Regjeringa har innstilt på 3. Om Stortinget kuttar, er Raudt nøydd vera med på kutta for å skjerma arbeidsfolk. Men me treng ikkje tru at det er på grunn av korona-krisa eller kommunalt forbruk. Korona-krisa kan ingen gjera noko med. Krisa i verdsøkonomien kan me ikkje gjera noko med. Men krisa i kommuneøkonomien er inkje anna enn villa, nasjonal høgrepolitikk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken