Noralv Teigen til minne

Noralv Teigen på Drøbak torg føre stortingsvalet i 2017

Noralv Teigen på Drøbak torg føre stortingsvalet i 2017 Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

DebattFlokken av folk som er mot norsk medlemskap i EU, miste ein trufast tenar da Noralv Teigen gjekk bort midt i desember. Noralv var fødd i Høyanger i 1932, der han også voks opp. Politisk haldning og livssyn frå industrimiljøet heldt han fast ved, og det gav han engasjementet som fekk han til å kjenna seg heime i Ås og Frogn Nei til EU.

Der kom han i 2003 med som nestleiar i styret. Noralv var trufast til stades på styremøta i alle år, og med unntak av fem år midt i bolken fylde han nestleiarvervet hugheilt til siste slutt. Det innebar ofte representasjon i fylkeslaget av Nei til EU i Akershus, men ikkje minst det jamne arbeidet i lokallaget.

Ved både stortings- og kommuneval tok Noralv på seg store oppgåver med å spreia informasjon om saka, ikkje berre i heile Frogn, men stundom også langt ut på Nesodden. Den lokale tilskipinga Frogn Frognere Frognest var eit hjartebarn. Der stod han for standen vår i Drøbak, diskuterte EU-saka med medlemmer og andre. Det vart eit stort sakn for Noralv da dette arrangementet vart avslutta for nokre år sidan. Om ikkje det lokale i Drøbak var nok, stilte han ofte opp på same slag tilskipingar også på Ås.

Noralv delte raust kunstnarlege framføringar med oss andre medlemmene på lokale møte like så vel som på opne møte for å fremja saka vår. Kven andre lokale lag i Nei til EU har hatt ein profesjonell skodespelar, som alltid sa ja, å gå til når vi hadde bruk for ei kunstnarleg kroning av ei tilskiping?

Vi takkar deg hjarteleg for innsatsen din i Ås og Frogn Nei til EU.

Artikkeltags