Professor Hans Sevatdal

Professor Hans Sevatdal gikk bort 12. september, 75 år gammel.

Professor Hans Sevatdal gikk bort 12. september, 75 år gammel.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Født: 18.01.1940. Død: 12.09.2015.

DEL

NekrologHans Sevatdal gjekk bort den 12.9. Det kom som eit sjokk på kollegaene på NMBU. Berre nokre dagar før hadde vi hatt Hans på telefonen.

Frå sjukesenga ga han råd til studentane.  Det var jo berre ein litt stri lungesott som skulle kurerast. Så var det likevel noko verre – det verste. Hans sitt store hjarte slår ikkje meir.

Hans vaks opp på gard på Hørte i Telemark, med praktisk skogbruk- og agronomutdanning før studiane og seinare livslang lærargjerning i jordskiftefaget på Ås, der han vart professor i 1980.

Med slik bakgrunn var Hans klår på at teori skulle være relevant for alle som driv verksemd knytt til areal. På tunge fagsamlingar var det professoren som drog diskusjonen ned til verkelege problem. «Røynda er ikkje uinteressant», som han sa.  For fag skulle være artig og.

Hans Sevatdal bygde eit teoretisk fundament for eigedoms-faget retta inn mot praktisk arbeid i dei profesjonar det her gjeld: frå domarar i jordskifterettane til arbeid med eigedomsregister. 

Med solide kunnskapar i historie, aktuell juss og eigedomsystem, samla han idear frå mange samfunnsvitskapar til fungerande analyseverktøy.  Då institusjonell teori fekk ein vitskapeleg rennesanse 1990-talet, greip Hans tak i dette med si barnlege glede over ny kunnskap.

Så passa då og desse teoriane godt med dei tilnærmingane han sjølv tidlegare hadde hatt til problema.

Sevatdal førde jordskiftelova av 1979 i pennen, og var viktig for jordskiftelova av 2013 og matrikkellova av 2005. Han var sterk deltakar i internasjonalt samarbeid. Han var prorektor 1990-93.

Som kollega var Hans vår nestor og ein likefram, nær og diskusjonsglad kamerat på laget. For mange hundre studentar gjennom åra var han ein slags fagleg farsfigur, som alltid gav dei kunnskap men også visdom og omsut - for studiet og for vegen vidare. 

For det var lærar og medmenneske Hans Sevatdal meir enn noko anna var.  Han kunne knapt reise til nokon stad i landet utan å møte takksame gamle studentar. I 70 års presang ga kandidatane Hans det han hadde ønska seg, «Hansedagen», det største fagmøte om eigedom i Norge til no.

Vi har dei siste dagane fått mange meldingar til oss på Ås frå inn- og utland. Eit heilt fagmiljø er råka. Her på instituttet står eit kontor tomt. Der inne finnes dokumentasjon på eit heilt og fullt universitetsliv; læreskrift, publikasjonar og korrespondanse.

Men her finns og prosjekt som berre «skulle arbeidast litt meir med». Hans så fram til å kose seg med slikt, til friluftsliv og tid med sine kjære framover. Slik blei det ikkje.

Vi tenkjer på Hans sine næraste. Vi er med dykk i sjokket og i sorga. Samstundes veit vi at familien, kollegaer i inn- og utland og alle dei ungdomar som har hatt Hans som lærar; I sorga er vi også stolte, og vi føler takksemd for å ha fått vokse som menneske  i nærleiken av trygge og venlege Hans.